Utfordring og mål
Som eit etablert selskap innan bilberging ønskte Førde Bilberging å utvide tilbodet sitt med eit breitt utval av dekk og tilhengarar, utan at det gjekk på kostnad av kjernemerkevara deira.
Løysing og leveranse
Vi leverte ei komplett nettside med nettbutikkløysing som saumlaust integrerer sal av dekk og tilhengarar saman med bergingstenestene. Løysinga inkluderer automatiske produktoppdateringar direkte frå leverandør, noko som sikrar oppdatert varebehaldning og minimal manuell oppfølging.




