Kven er ansvarleg?
Presense Konsult AS (org.nr 917 799 091), Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert samla inn på presense.no. Spørsmål om personvern kan sendast til post@presense.no eller på telefon 905 02 378.
Kva opplysningar samlar vi inn?
- Når du sender eit skjema: namn, bedrift, e-post, telefon, meldinga di og kva tenester du kryssa av for. Kjem du frå den digitale sjekken, følgjer skåren og svara dine med, slik at vi slepp å spørje om att.
- Når du ringjer eller sender e-post: det du sjølv gir oss, og notat frå samtalen.
- Når du bruker nettstaden: tekniske data som nettlesar, eining og kva sider du ser på — men berre om du har samtykt til statistikk (sjå informasjonskapslar under).
- Digital sjekk: svara dine vert lagra i nettlesaren din (sessionStorage) medan du tek sjekken, og vert ikkje sende til oss før du sjølv vel å ta kontakt.
Kvifor, og med kva grunnlag?
- Svare på førespurnadar og gi tilbod — grunnlag: avtale eller førebuing til avtale (GDPR art. 6 nr. 1 b), og vår rettkomne interesse i å følgje opp den som tek kontakt (art. 6 nr. 1 f).
- Levere og fakturere tenester — grunnlag: avtale og rettslege plikter (bokføringslova).
- Forstå korleis nettstaden vert brukt og måle marknadsføring — grunnlag: samtykke (art. 6 nr. 1 a), gitt i samtykkeboksen. Du kan trekkje det tilbake når som helst.
Informasjonskapslar
Nettstaden set så få informasjonskapslar som råd, og ingen for statistikk eller marknadsføring før du har sagt ja.
- Nødvendige: `ps_consent` (localStorage) hugsar valet ditt i samtykkeboksen; `ps_quiz` (sessionStorage) held på svara dine i den digitale sjekken til fana vert lukka. Desse inneheld ingen personopplysningar.
- Statistikk (krev samtykke): Google Analytics 4, lasta gjennom Google Tag Manager først etter at du har trykt «Godta». Brukt til å sjå kva sider som vert lesne og kva skjema som vert sende. IP-adresser vert ikkje lagra av Google Analytics 4.
- Marknadsføring (krev samtykke): Meta-pixel og Google Ads-konverteringssporing, brukt til å måle om annonsane våre fører til førespurnadar. Vert òg først lasta etter samtykke.
Vi bruker Google Consent Mode v2: seier du nei, vert verktøya rett og slett ikkje lasta — det er ikkje snakk om at dei lastar og så lèt vere å måle. Vil du ombestemme deg, trykk Endre samtykke nedst på sida. Då gløymer vi valet ditt og spør på nytt, og det nye valet gjeld frå neste sidevisning.
Kor lenge lagrar vi opplysningane?
Førespurnadar som ikkje fører til oppdrag, vert sletta seinast 12 månader etter siste kontakt. Opplysningar knytte til kundeforhold vert lagra så lenge forholdet varer, og rekneskapsopplysningar i fem år etter bokføringslova. Statistikkdata i Google Analytics vert sletta automatisk etter 14 månader.
Kven deler vi opplysningane med?
Vi sel aldri personopplysningar. Vi bruker databehandlarar som handsamar data på våre vegner og etter avtale med oss:
- Drift av nettstad og e-post: hostingleverandøren vår, som lagrar nettstaden, databasen og e-posten på servarane sine. Namnet på leverandøren og kvar servarane står, får du ved å kontakte oss.
- Skjema på nettstaden: skjemaa vert køyrde av Formidable Forms, eit tillegg som ligg på vår eigen nettstad. Det du sender inn, vert lagra i vår eigen database hos hostingleverandøren over, og varselet til oss og stadfestinga til deg går som e-post gjennom same leverandør. Ingen skjemadata vert sende til ein tredjepart.
- Google (Analytics, Tag Manager, Ads, Workspace) — Google Ireland Ltd, med standard personvernvilkår og EU-USA Data Privacy Framework for overføring.
- Meta Platforms Ireland Ltd (Meta-pixel), berre etter samtykke.
Ei fullstendig liste kan du få ved å kontakte oss.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i kva opplysningar vi har om deg, til å få dei retta eller sletta, til å avgrense behandlinga, til dataportabilitet og til å protestere mot behandling som byggjer på rettkomen interesse. Samtykke kan trekkjast tilbake når som helst utan at det påverkar lovlegheita av behandlinga før tilbaketrekkinga.
Send førespurnaden til post@presense.no. Vi svarer innan 30 dagar. Meiner du at vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Denne erklæringa kan bli oppdatert når nettstaden eller tenestene endrar seg. Datoen øvst viser siste versjon.