Digital sjekk · 30 sekund
Kor godt heng det saman hos dykk?
Fem spørsmål, svar Ja, Delvis eller Nei. Du får ein skår frå 0 til 100 og dei to tenestene de bør prioritere først — utan å legge att e-post.
Slik fungerer det
Fem spørsmål. Éin skår. To prioriteringar.
Ja gir 20 poeng, Delvis 10, Nei 0. Dei to spørsmåla du skårar lågast på, peikar på tenestene som gir mest for minst akkurat no.
- 0–40Godt utgangspunkt for vekst
- 45–70Solid grunnmur, nokre hol
- 75–100Sterk digital tilstand
Svara vert berre lagra i nettlesaren din medan du tek sjekken. Ingenting vert sendt til oss før du sjølv vel å ta kontakt.
- Har de ei nettside som er oppdatert dei siste to åra?
- Køyrer de betalte annonser (Google, Meta eller TikTok)?
- Har de ein fast plan for grafisk innhald og sosiale medium?
- Er Google-bedriftsprofilen dykkar oppdatert med bilete og opningstider?
- Veit de kva marknadsføring som faktisk gir resultat, basert på tal?
Etter sjekken
Kva skjer om du bookar ein gjennomgang?
Skåren og svara dine følgjer med til kontaktskjemaet, så vi slepp å spørje om det same ein gong til. Ein av oss ringjer eller skriv innan 24 timar, og vi går gjennom dei to punkta de skårar lågast på — heilt konkret, med kva det vil kome til å koste og kva det truleg gir.
Gjennomgangen er gratis og uforpliktande. Vil de gjere jobben sjølve etterpå, får de råda likevel. Sjå òg rådgjeving og digital tilstandsvurdering for ein grundigare gjennomgang av alt digitalt de har.

Neste steg
Vil du ha gjennomgangen med ein gong?
Fortel oss kort om prosjektet, så svarer vi sjølv — ikkje eit callsenter.
Eller ring 905 02 378 — vi tek telefonen.